Arrangementer

Arrangementer
30. september - 01. oktober 2023
Utstillingsåpning Brynhild Grødeland Winther lørdag 30. september kl. 13
Musikalsk innslag av Nicolae Bogdan!
BRYNHILD GRØDELAND WINTHER
«Eg har forkasta alle svar. Putta dei i
flaskepostar og mata kvalane med dei,
som drops eller smertestillande piller...whatever.»
30.09 – 29.10
«Den var den dagen eg sa at eg har kokt fiskesuppe på sjela mi og...
Det første skrivne ord, var ei teikning av eit dyr. Teikning er mitt hovudspråk, men eg jobbar òg med tekst. Det ligg eit paradoks i det at eg jobbar med ord, for eg har ei problematisk relasjon til ord. Kanskje er frustrasjonen over manglane i ord som språk, noko av hovuddrivkrafta bak mitt kunstneriske virke. Eg har eit ytringsbehov, men når ein omset tankar til ord, blir mesteparten borte.
Eg har asperger. I 2018 lærte eg at det er vanleg blant folk som ikkje har asperger, å tenkje med ord og faktisk lyd. Den kvelden blei eg liggjande vaken heile natta og prøve å rope inni tankane mine. Men det var heilt stille.
Eg undrar eg meg over at somme trur ein kan forstå verda gjennom ord. Eg meiner ein brukar ord for å gjere ting forståeleg. Making sense heilt sjølv liksom...
Det ser òg ut til at mange utfordringar i samtida kan relaterast til tanken om at ord skal ha ein faktisk eksistens i verkelegheita. Ord og kategoriar har blitt viktigare enn fenomenet eller personen dei beskriv.
Det blir sagt at oss med asperger tek ting bokstaveleg...men kva skal ein ta bokstaveleg om ein ikkje kan ta bokstavar bokstaveleg?
Det var den dagen eg sa at eg ville til botnen, for om ein forstår noko flytande ser ein berre det som ligg i overflata. Eg trudde eg kunne finne skattar der nede under vekta av heile sjøen. Så drukna eg.
Fiskane djupt der nede bærer vekta av heile sjøen. Somme av dei er avhengig av ytre press for å halde fasongen...nokre av dei er gjennomsiktige, så andre kan sjå ljoset dei har inni seg. Somme brukar ljoset for å lokke til seg byttedyr. Byttar ein ut ein bokstav»